Festivalsommar og platearbeid

2009 vert eit betre Bokkeår enn 2008.. håpar vi..

Etter eit stille år i 2008, prega av sjukdom og liknande motgong, er guttane i BokkeReidars klar for å gjere 2009 til eit meir minneverdig år. Plata er på undervegs og no startar sesongen med to flotte festivaljobbar i juni. Her vil nok publikum få smakebitar frå det nye stoffet.

 

Målet om å få ut plata før sommaren vart stoppa hardt og brutalt av sjukdom, men etter ei tid med uvisse ser det no ut til å lysne for at alle medlemmane får gjort ferdig sine innspelingar av det nye stoffet. Vi er alle glade for utfallet - og utsetjinga av plata vart sjølvsagt 100% naturleg.

 

Målet er no 2009. Tittel og alt innhald er ikkje klart - men mesteparten er altså allereie på plass. Vi gler oss til å presentere det til publikum!

Klaus Blø @ Bokkereidars // 17.06.09