Bokkane på Myspace og Facebook!
Ei nyoppretta gruppe på facebook gjev deg informasjon rett i innboksen og på myspace kan du høyre/laste ned heile "Hypp på dej"!
Les merBokkane på Myspace og Facebook!
Ei nyoppretta gruppe på facebook gjev deg informasjon rett i innboksen og på myspace kan du høyre/laste ned heile "Hypp på dej"!
Les mer"En time til" var BokkeReidars Blues Band si tredje plate. Dersom du er ein av dei som set pris på platene som har kome - kan du byrje å gle deg til nummer 4. Den er på veg!
Les merLokalavisa Møre om Julebokk 2007
Endeleg er Volda si lokalavis, Møre, på nett og dei dekte sjølvsagt BokkeReidars sin konsert på Studenthuset Rokken 28. desember.
Les merEit nytt år er på plass og BokkeReidars Blues Band kan sjå tilbake på nok ei JuleBokk runde. I år vart Fosnavåg (Herøy) og Volda vitja. Vi ynskjer alle eit godt nytt år og håpar vi møtast i 2008!
Les merLast ned ringetone og bakgrunnsbilde på mobiltelefonen!
Bilde av BokkeReidars Blues Band kan no lastast ned som bakgrunnsbilde på mobil gjennom musikkonline.no. I tillegg kan låtane "Gal etter kvinnfolk" og "Bondeknøl" lastast ned som ringetone. CDen kan også kjøpast i si heilheit i MP3-format for nedlasting.
Les merBokkeReidars i Bluesasylet på P2
8. januar 05 var BokkeReidars Blues Band omtala og låten "Gal etter kvinnfolk" spelt i Bluesasylet på P2. Innslaget kan du høyre her.
Les merBokkeReidars på 8. plass på Norsktoppen!
04.12.04: Veke 49 kom BokkeReidars på 8. plass på Norsktoppen. Dette er andre veka vi er inne på lista. Låta er den same; "Det du he" frå vår siste CD!! Du kan høyre eit kutt av låten her. Vi takkar nok ein gong alle som har stemt på oss! Dette set vi stor pris på! Vi håper fortsatt at alle vert med å stemme oss vidare på Norsktoppen neste veke også!
Les merBokkeReidars på 4. plass på Norsktoppen!
27.11.04: BokkeReidars kom på 4. plass på Norsktoppen denne veka (veke 48) med låta "Det du he" frå vår siste CD!! Det er trombonisten i bandet, André Folkestad, som står bak låten og du kan høyre eit kutt av låten her. Vi takkar alle som har stemt på oss! Dette set vi stor pris på! Vi håper at alle vert med å stemme oss vidare på Norsktoppen neste veke også!
Les merBokkeReidars igjen på Kanskje på Norsktoppen!
21.11.04: For andre gong denne hausten er ei BokkeReidars-låt plukka ut til å være med i Kanskje på Norsktoppen på NRK P1. Denne gongen er det låta De Du He frå vår siste CD som skal kjempe om Norsktopplassering saman med 12 andre låtar. Vær med å stem inn BokkeReidars på Norsktoppen som det første bluesbandet nokon gong?? Du kan stemme fram til tysdag 23. november kl. 09.
Så er CD'en «En time til» ute i butikkhyllene
10.10.04: Releasepartyet vart ein suksess! Regnet held seg vekke og fleire hundre kom for å få med seg konserten på torget i Volda. Mange av desse slo til og kjøpte CD'en frå standen vår. Bandet brukte elles helga til å øve fram mot konserten på Dølajazz den 16. oktober.
Releaseparty i Volda sentrum laurdag 09.10.04 kl 1200
29.09.04: Vår nye CD "En time til" er no sendt til trykking og vil vere i sal frå laurdag 09.10.04. CDen kjem ut på Sonor Records, eit Trondheimsbasert plateselskap. I dette høvet inviterer BokkeReidars Blues Band til release party i Volda sentrum laurdag 09.10.04 der vi vil spele live frå kl. 1200 og utover! Følg med i lokalpressa!
BokkeReidars spelar på JuleJazz i Ålesund 4. juledag
27.09.04: For sjette året på rad spelar BokkeReidars Blues Band på den tadisjonsrike JuleJazzen til Ålesund Jazzforum. Staden er den same; Bankettsalen på Rica Parken Hotel i Ålesund, og som vanleg er 4. juledag dagen.
Ingen Norsktopp på BokkeReidars...
22.08.04: Desverre så kom ikkje BokkeReidars inn på Norsktoppen - denne gongen. Men vi synest likevel det var flott at ein av låtane blei plukka ut som aktuell nykommar på lista. Litt uventa var det jo også å bli nominert som bluesband til Norsktoppen. Men vi har fått mykje fin omtale i samband med dette. Og tusen takk til alle som stemte på oss!!!
Release av ny CD laurdag 9. oktober
11.08.04: BokkeReidars Blues Band slepp sin nye CD "En Time Til" laurdag 9. oktober. Følg med på heimesidene for meir informasjon når det tek til å nærme seg!
Dei første tilbakemeldingane på vår nye singel har vore veldig positive. Det er vel først når heile CDen kjem ut til hausten at vi får svar på om folket likar det vi driv på med.
Les merBokkeReidars og Mike Gallaher til DølaJazz
14.07.04: Bokkereidars Blues Band skal spele under DølaJazz på Lillehammer fredag 16. oktober. Vi fått med oss som gjesteartist den amerikanske gitaristen Mike Gallaher, som også er Joe Cockers faste gitarist. Gallaher har også samarbeidd med den no avdøde saksofonisten Bob Berg. Dette blir ei spanande og unik konsertoppleving!
Les mer14.07.04: I høve utgivinga av den nye CDen har BokkeReidars Blues Band laga ny grafisk profil, og dette omfattar også nye heimesider som du ser resultatet av her. Desse synest vi har vorte svært så fine og vi aktar å oppgradere dei mykje oftare enn før! Så klikk deg innom av og til for å få siste nytt!
Promosingel frå den nye CDen er ute
24.06.04: Den nye CDen til BokkeReidars Bluesband er no ferdig, og promosingelen går i desse dagar ut til diverse radiostasjonar og redaksjonar rundt om i landet. Singelen inneheld tre låtar: Ein time til, Det du he og Hypp på deg. CDen er som sagt ferdig, men vi har valgt å vente med å sleppe den til sommarferien er over. Info om lanseringsnyttdato kjem etterkvart.
15.02.04: Lillehammer stod på hovudet i helga med tusenvis av tilreisande for å feire dei ti åra som har gått sidan den fantastiske folkefesten i -94. Avslutninga med stort program og etterfølgande fest i Haakonshall blei ein stor suksess med over 4000 betalande innanfor dørene. Sjølv om arrangementet starta allereie kl. 19, så var det svært mange som heldt ut og rocka seg inn i dei seine nattetimane med BokkeReidars Bluesband. Dette er vel det største arrangementet som bandet har vore med på så langt, og lokalitetane var noko forskjellige frå til dømes gamle hotell Leon i Sykkylven... Forøvrig nytta bandet tida gått i OL-byen. Coverbilde til den nye CDen og nytt bandbildet blei ordna innimellom dei olympiske slaga.
BokkeReidars på OL-jubileumet på Lillehammer!
10.12.03: Helga 12.-15. februar feirar Norge og Lillehammer 10. årsjubileum for Lillehammer-OL. Jubileumet blir markert med ein kjempefest i Haakonshall laurdag 14. februar. Og der spelar også BokkeReidars Bluesband! Dei med god hukommelse hugsar kanskje at BokkeReidars også spelte under vinterleikane i -94. Så dette blir ein slags reprise. Det er venta fleire tusen som vil delta på festen der også mange andre artistar skal bidra. Så dersom du ikkje har lagt planer for helga, så kan Lillehammer være eit godt tips.
24.11.03: 12.-14. september gjekk BokkeReidars i studio og spelte inn materialet til det som blir den nye CDen frå bandet. Det er det nye materialet med norske tekstar som bandet har jobba med det siste året som no er spelt inn. Akkurat i desse dagar er produsent Yngve Sæthre i gong med å mikse/ferdigprodusere låtane. Meir info om den nye CDen kjem snart!
23.06.03: Vi har kome eit stykke vidare med norskprosjektet vårt, som har fått arbeidstittelen "Med Ivar Aasen backstage!"
Les mer01.06.03: Takk for ein strålande kveld på Baronessen i Spjelkavik, Ålesund, i går kveld! Det er lenge sidan sist vi spelte på Baronessen, men vi kjem gjerne igjen. Fantastisk publikum!
Takk for ein flott konsert på Lillehammer i går! Eit fantastisk entusiastisk publikum som verkeleg inspirerar oss til max innsats!! Også i år var det rundt to hundre som hadde funne vegen til konsertlokalet, og det var svært hyggeleg å konstatere at vi drog kjensel på dei aller fleste fjesa. Lillehammer har blitt ei heimebane for oss! Og går alt etter planen, så er vi tilbake på Lillehammer neste år til same tid.
Det skjer mykje spennande rundt bandet i desse dagar
BokkeReidars skal spele under Dei Nynorske Festspela i Volda fredag 27. juni, på ein stor utekonsert i Volda sentrum nede ved hamna. Store delar av sentrum blir sperra av under arrangementet, og klaffar det med godt vær, så kan dette bli verkeleg morosamt! Det er forøvrig 11 år sidan sist BokkeReidars spelte under Festspela, som den gong var den allerførste utgåva under namnet Nynorsk Festspelveke. Vi jobbar også ein del med låtskriving, og har i samband med det knytta til oss ein svært spennande tekstforfattar! Og går alt etter planen så kan det også hende at det kjem ein ny BokkeReidars-CD om ikkje alt for lenge.
BokkeReidars har konvertert til NORSK!
BokkeReidars Bluesband runda 20 år ved årsskiftet, og vi har i denne perioda konsekvent framført tekstane våre på engelsk. Det einaste unnataket var då vi vart inviterte til skrive og framføre ei låt under den aller første utgåva av Dei Nynorske Festspela, ei låt som skulle ha nynorsk tekst og som difor ikkje heilt overraskande fekk tittelen Ivar Aasen.
Les mer