Om BRBB

Medlemmane i bandet


Svein Hunnes
Svein er bassist og musikalsk sjef i BokkeReidars. Han har vore med heilt frå starten,
og skriv også både låtar, tekstar og blåsearrangment til bandet.

Svein har brei musikalsk erfaring og har spelt i mange ulike band. I dag er han mellom
anna med i jazzkvintetten "Stolen Moments". Svein bur i Volda

Terje H. Hanssen
Terje har storfag i musikk frå lærarhøgskulen i Bergen, i tillegg til slagverk har han spesialisert
seg på latin-amerikansk perkusjon. Han var aktivt med under oppbygginga av eit salsa-miljø i
Bergen tidleg på 80-talet, saman med Knut Kristiansen. Han var assosisert medlem av Son Mu,
og ein av initiativtakarane til-, og trommeslagar i bandet Ken-Dang.

Som trommis har Terje eit hjarte for dei litt funky groovane, men han meiner at blueserfaringa
også har bringe han nærare jazzen. Terje bur på Hamar.

André Folkestad

André er trombonist i bandet, og han skriv låtar, tekstar og blåsearrangement til BokkeReidars.
André har vore med i bandet heilt frå starten av.

Han har også spelt i fleire ulike jazzband, mellom andre Carlos Alberichi Big Band og Mixmasters
and the Voices. André bur på Lillehammer.

Magne Slettevoll
Magne spelar orgel og piano i bandet. Han er lærar med utdanning frå Høgskulen i Volda, og
underviser ved musikklina ved Volda VGS. Er elles veldig aktiv kulturarbeidar i Volda/ Ørsta
regionen: Han dirigerar Morkakoret, han er "orkester" for Hovderevyen, han har vore sentral i
nyoppstarten av jazzklubben i Volda. Magne bur i Volda.

Ivar Kvangardsnes

Ivar er trompetist, administrator og saudegjetar i BokkeReidars, og han skriv også
blåsearrangement. Han tok med seg hornet til BRBB i 1991.

Han har erfaring frå ei rekke band innanfor blues, soul, jazz og storband, m.a. deFeat ( Volda),
Cold Sweat ( Oslo), Møre og Romsdal Fylkesstorband ( Ålesund ), Big Bland Blast (Ålesund), Volda
og Ørsta Storband ( Volda ), Storyville Storband ( Molde ), Trondheim Storband og Trondheim
Ballroom Orchestra. Ivar bur i Bergen.

Klaus Blø
Klaus er gitarist i bandet, og vår nyaste medlem, han starta i BRBB i 2003, men har lang erfaring frå
andre band. M.a. Skabb, Country Dick & The Gay Rangers, Highway Patrole og In Vulnus Abire.

Klaus er opprinneleg frå Midsund, men bur og arbeider som lærar i Volda.

Gunnar Solheim
Gunnar er songar i BokkeReidars og har vore med sidan 2001. Har vel først og fremst si erfaring frå
ulike rockeband. M.a. Hard Rain ( Volda/Ørsta) Radio Rebel ( Volda/ Ørsta) og Hystereo ( Oslo ).

Etter eige utsagn er ikkje Gunnar musikar, men eit vokal medium. Ei rocka sjel i ein uroleg kropp.
Bur i Oslo.

Trond Johnsen
Trond spelar saksofon og har vore med i Bokkereidars sidan sommaren 1999. Trond er i sitt sivile liv
Utdanningsdirektør i Oppland, og han har i fleire år vore festivalsjef for tradisjonsrike Døla Jazz.

Etter at han fikk trådlaus mikrofon på saksen sin, er han stadig oftare på eskursjonar kring i lokala og
på borda der vi spelar. Trond bur på Lillehammer.





 


 


 


 


 

 


 


 



system @ Bokkereidars // 30.05.07